tirsdag 14. oktober 2008

Tur til Brennesteinane den 16.09.08

Turen i dag starta på Harastølen, det er ille å sjå kor forfalle det er vorte der oppe...........snart er det vel harastøl som sagnet seier.

Men me tenkt oss på Brennesteinane, og stien innover er fin å gå på,
Utsikten både utover og innover fjorden er det ikkje noko å seia på.


Så var vi oppe ved hyttene på Brennesteinane

Men me gjekk vidare opp der den gamle stølen brennesteinane låg til på 1920 talet ein gong, då vart sela flytta lenger ned, grunnen har eg ikkje funne enno ............her oppe var det utsikt heilt fram til Lø og Hornane bilde vert so lite her att det er vanskelig å sjå om ein ikkje veit akkurat kor det ligg, men ned i Dalen ser me fint i mellom ledningane til høgspenten ...
På veg ned att gjekk me bort og såg på selet som tilhører Langeteigen og som Devold driv ogg pussar opp.
Så var det same vegen heim

onsdag 1. oktober 2008

Den 28 aug. 2008

So var endelig dagen kommen, Torunn Arvid og eg har starta på turen til Roma ,bilen var pakka og det vi ikkje hadde huska på til no fekk berre vera, første stopp var ferja til Fodnes, så gjekk det nesten rake vegen til Skedsmokorset der vi skulle overnatta hjå Kari og setta bilen medan me var på busstur til Roma.

Kaffirast måtte me no ha, det var best å legga vanane rett frå starten, 2 timar kjøring og så kaffi.

Den 29.aug, 3008

Bussane sto i rekke og rad på Oslo S , Martin var sjåfør frå Oslo til Malmø

så var vi i gang og vi passerte den nye operaen i Oslo og Tusenfryd Fornøyelsepark
Første rast var på Tanumshede

Klokka nermar seg no 16.00 og varberg og Bjørkeng kafe var neste stopp
Her vardet mange bussar som hadde pause
Å gåsa og katten og hanen var leie av livet her...................var det ikkje så att dei stoppa i kyrkja i Lund og hørte på messa der.........vi stoppa ikkje men passerte i fint driv.
No har vi fått oss rom på Elite hotel Residens og må ha oss ein tur på byn

Den 30.aug.2008

Kl 07.00 var vi klar for vidare ferd, mykje folk var samla for å reisa vidare til dei forskjellige plassar rundt om i Auropa.
Vi venta og venta, kvar vert det av bussen, det hadde vist skjedd ein missforståelse ein eller annan plass for det tok nærare timen før det endelig kom ein buss og henta oss.

Klokka er vorten 09.30 og vi er kommen på rette bussen på Ørebroterminalen

Og vi har fått vår sjåfør på turen på plass bak rattet, Tommi heiter han og kjørte oss trygt og godt gjennom mange land.


Så er me i gang for alvor, me forlet Sverge og kjører over Øresundbrua til Danmark.

Vindmøllene står på rekke og rad, og vi har København i sikte


Anna i full fart for å kjøpa billettar til ferja
Så var vi i Tyskland , landskapet her er like flatt som i Danmark.
Lunsj vart det på Hotel Restaurant Wennhoff i Scharbeatz, No har alle lyst på met ,og me får servert maten vi bestilte på bussen.

Her har dei virkelig gjort seg føre med maling på garasje dørene

Neste stopp var i 14.00 tida der vi lasta opp med drikkevarer og ymse andre godsaker.


Anna og Tommi vårt vertskap på turen,

Vi nermar oss Kassel og det er tid for ein kaffi rast, her var det trange tider for "kafeen"vår


Det var ikkje alle som tok buss, nokon hadde teke seg ein tur i ballong.

No byrjar det og bli litt meir variert tereng

Klokka nermar seg no 21.00 og vi nærmar oss målet for kvelden

Anna sørger for att vi får rom, og i natt skulle vi få sova i himmelseng, som attpå alt viste seg å vera vannseng.

Mæltida vart inntekne i den koselige spisesalen

Den 31 aug. 2008

Kl 07.00 var vi klar for ein ny dag, og slik såg hotelet ut i dagslys.
Ein time seinare passerte vi Heidelberg der Dronning Silvia er født.

Lunsj denne dagen vart innteken på hotel Zum Schiff i Freiburg
Neste rast er vi i Sveits og alpene har begynt å visa seg

Her er høge fjell og flate dalar.


Innan kvelden fell på er vi kommen til Hotel Albergo i Chiasso det ligg heilt sør i Sveits, heilt på grensa til Italia så etter middag gjekk vi ein tur til grensa.