Torsdag var me på dagstur med Revmatikerforeningen, og hadde ein rett fin dag som eg må skryta litt av her.....første stopp var Sogn Fjordmuseum på Kaupanger der me gjekk rundt og såg på alle dei gamle båtane,og såg kva dei hadde vore brukt til

Litt av kvart hadde dei å selja og,så det måtte no beundrast...........Deretter spaserte me opp til Kaupanger stavkyrkje der me fekk omvisning av ein flink ungdom.

Så gjekk turen vidare til Sogn Folkemuseum, der me fekk omvidning rundt om i husa me starta i det elste huset


Etter me hadde fått historien der gjekk me vidare til neste hus som var Haugastova frå Krundalen

Der me vart fortalde historien til huset og korleis levevilkåra var på den tida......etter det gjekk me forbi ei diger grisepurke


Så var det Kvitevollhuset, med all sin prakt, middag på museumet og så drog me vidare til Fimreite der me fekk vera inne i skulestova der me kokte kaffi på kjel og Annemor steikte hellekaker på medbrakt steikeplate...........Else Fimreite fortalde oss om Fimreite ..... og det såg ut til att alle koste seg

Dagen vart avslutta med spasertur .........