lørdag 8. august 2009

Lunsj



Heile jengen ved Slottet



God utsikt!!!!!!!!!!!!!!!



Samla på taket



Full fart !



Operaen


Turen gjekk til Grorud der me henta tante Astrid, så bar det vidare til operaen

Losby gods 7-9 aug 2009


Så var me kommen til andre helga i august 2009.
Tredje kvart år veit me kva me skal gjera denne helga, då er det søskenbarntreff..........
Denne tradisjonen vart starta i 1981 då to av mine søskenbarn Rita og Olav syns att vi søskenbarn treftes veldig skjelden etter att våre besteforeldre ho Fina og han Rasmus var vekke..
I år skulle me østover, Britt som bor i Haneborlia på Lørenskog var ein av dei som vart slegen til ridder og møy på sist stevne og hadde ansvar for årets.
Og då ville ho visa fram kva dei hadde på Lørenskog, og Losby gods vart vald, Noko som Arvid likte, han er født i Haneborlia og oppvokst på Rolvsrud, så han har hatt mange sykkelturar innover i Losby i sin barndom,og akkurat her er det lett å kjenna seg att,ellers har Lørenskog forandra seg mykje på dei 44 åra me har budd i Sogn.
Me kosa oss både ute og inne, som vanlig var det fint vær denne helga.
her hadde me det fint , med god mat, fine rom og ellers var opplegget alle tiders.
Fredag var det oppmøte , middag og mimring, bilder frå tidligare stevner og kos utover i dei seine timar.



fredag 7. august 2009

Torsdag den 6 aug

I dag bestemde me oss for å prøva den bratte vegen opp frå Kilen og til Kilali, Storehaug var vel i lengste laget vart det sagt. Me la i veg med godt mot, fine hestar var dei i dalen ,og snart vat me framme i Kilen og såg oppover den bratte fjellsida der me skulle gå.

Kartet viste kor me var

Bratt var det som bare det, så me måtte ha pausar med litt å bita i

Fine sommarfuglar såg me , firfisler og me klarde ikkje å få bilde av dei

So var me i Kilali, og ikkje utsletne, så då bestemde me oss for å gå over til Vigdalen, for den bratte vegen ded att kvidde me oss for


Fine bukkene bruse var det mange plassar


Og etter 4.5 timar var me i Vigdalen

No var Pernille sliten og fekk sitta på skuldrane til pappa når me gjekk farfar i møte

onsdag 5. august 2009

mandag 3. august 2009

Mandag den 3.august

Når me hadde ete middag fant me ut att me måtte ha oss ein fjelltur....fleire forslag vart vurderte, og me enda opp med Brennesteinane.
Me kjørte opp på Harastølen og så la me i veg.
Snart var det slutt på grusvegen og me kom inn på vegen til Stuagjerdet, og før me viste ordet av det var me der.

Så vart det sti for resten, utsikten var det ikkje noko å seia på, me såg heilt heim att.
Fin sti. og mørke skogsfeldt, det varierar mykje innover mot Brennesteinane


Der var Brennesteinane ............Pernille er meir opptatt av noko anna ......var det sauene eller huska som var det mest spennande skal tru?
Fornøyd var ho i alle fall

So var det å skriva seg i turboka slik att det vert registrert att me har vore her

Og så måtte huska testast!!!



Og jammen måtte både han pappa og ho farmor leika seg litt og...........


Inez var blomsterpike...........og så var det heimtur, og mykje å snakka om så plutselig var Stuagjerdet å sjå.