tirsdag 17. mars 2009

Tysdag den 17.mars

I dag er det tur til Førde , og i Marheimsgjelet møtte snøen oss, sidan var det snø og slaps til me kom ut i Årøy, og i den vanlige svingen utafor Kvamshaugen var det ein trailer som hadde ein noko uvanlig parkering, eller det er no etter kvart mange som har parkert der, men ikkje alle har komme so godt av vegen,
Ja ja me helt oss på vegen , og snø var det rikelig av i Sogndalsdalen og heilt til Skei, men då lysna det opp og vart bare vegar, ei og anna snøbya var det no, som me ser er det ein vegg nede på Vassenden,

Men det lysna opp att , ja til og med sol var det i Førde, det er verd å foreviga, skjelden foreteelse når me er der.

Søndag den 15.mars


Søndag og gåtur høyrer saman
Sidan det ikkje skjer noko nytt nede hjå Finn og Alice får eg gå over til eit anna tema.
Dette er det nye Kvåle kraftverk som er i ferd med å bli ferdig inne ved Lerisbui. Det er no komme under tak , det skal vist vera glasvegg i heile fronten slik att ein kan sjå rett inn , det vert spennande å sjå,vasstunnellen frå Flikki og fram på Seielstad er ferdig sprengt.

Det vart den vanlege "vinterturen" inn på jabenken , me fekk følje av Svanhild og Knut på Stupelshaugen , som de ser var veret fint men det laga seg til med skyer utaføre så innan kvelden vart det regn.