søndag 1. februar 2009

Søndag den 1.feb.2009

No er det lenge sidan eg har skreve noko her på bloggen, det har vore jul med mykje folk god mat og kos.
Bente Helene, Stanley og Iren kom frå Ålgård, Marius frå Bergen, Magne Olav, Inez, Susanna og Pernille frå Molde og julafta kom Laila Irene, Bjørn, Ådne og Jarand frå Gaupne og vi kosa oss i lag med mykje pakkar og mykje liv.
Ellers vart det å gå på besøk frå den eine til den andre, og ta i mot besøk, så før me viste ordet av det var alle klar til å reisa att.
Men me hadde ei rett fin veka i lag, det er kjekt å kunna vera i lag heile familien

Nyttårsafta feira me hjå Lena og Kolbjørn m/fam.

No er me alt kommen til februar og dagane vert lenger og lysare, og med so strålande fint vær som i dag MÅTTE eg berre ut å gå på tur, det var kaldt i lufta ein 6-7 kalde grader så Arvid vart ikkje med pusten hans likar ikkje kuldegrader. Som de ser er det knallblå himmel



Nokre skyer er begynt å samla seg langt ut i fjorden,
Stålis so langt ein kunne sjå begge vegar

Ikkje folk på jabenken i dag, men det var mange som var ute og gjekk tur