onsdag 23. juli 2008

Onsdag 23.07.08 tur til Brennesteinane



I dag skulle Berit og eg gå til Brennesteinane for å sjå om dette kunne vera ein aktuell tysdagstur, me fekk med oss Alice , me gjekk frå Harastølen forbi Stuagjerdet, der vart det litt leiting før me fant stien vidare, men mobiltelefon er ein fin oppfinnelse, så etter div. samtalar vart me leia på rett spor. Her er me på "Tudnehaugen" der utsikten er flott


Her er me kommen opp og det er tid for kaffi og litt niste.


Flaks er det godt å ha, Ivar og Marit Devold var på tur oppover til selet sitt og kunne fortelja oss mykje som me ikkje hadde peiling på


Her er me kommen opp til selet deira, det ligg eit godt stykke lenger opp


Ivar var med oss til murane etter dei gamle muranen etter det som vel egentlig er Brennesteinane frå starten, det var her dei gamle sela sto, antagelig vart stølen flytta på 1930 talet ein gong





Så var det på tide å ta fatt på turen nedatt.


Her var det eit fint bord og benker.

tirsdag 22. juli 2008

Tysdag den 22.07.08 Tur til Kveken


Denne dagen gjekk turen til Kinserdalen, vi kjørte til parkeringen øverst i dalen, der tok me beina fatt og gjekk på traktorvegen oppover til stølen, det var bratt men fint å gå,




Etter å ha gått eit par kilometer kom me over på sti , kryssa elva og då var det ikkje langt att, det viser att det har vore tørke for det var ikkje mykje vatn i elva.
Litt bærplukking må til!


Så var vi benka rundt bordet hjå Magne og Synnøve, dei hadde laga nydelig gryterett med ris til vi kom opp, og jett om det smakte, eg trur eg har alle med meg når eg seier att dette var ein rett fin dag,

lørdag 19. juli 2008

Bergheim lørdag den 19.07.08

Ein trimtur måtte det bli denne helga og, så da vart det tur på Bergheim, Torunn hadde tenkt seg dit denne dagen så da slo vi følge Været var akkurat passelig å gå på tur i, skya og ca 15varme grader,regnet let seg venta på, nokre dråpar på veg ned att måtte me tåla.

Utsikten er det ikke noko å seia på, me ser langt både innover og utover fjorden,

Her trur eg Torunn er kaffitørst

Så var det kaffi og niste ved flaggstanga, fotografen skulle sete i midten,
men gadd ikkje springa så vi får tenke oss att eg set der.
Når matpausen var over var det på tide å sjå til att det vart gjort skikkelig arbeid, dei gamle husa på garden var under reperasjon ,
Så var det på tide å ta fatt på nedturen.

søndag 13. juli 2008

Søndag den 13. juli Opning av fjøsen i Fuglesteg


Det var reine folkevandring til Fuglesteg denne dagen ca. 450 mennesker var det vist , og etter ein hard tur opp gjennom galdane, der det var både bratt og heitt, var vi oppe og kunne slappa av. Vi var veldig stolte over å ha komme opp på vel to timar, noko som var vanleg gåtid i følge skiltet ved starten, på det brattaste vart det ikkje noko bilde, det var vist eit storslått utsyn, men det såg ikkje eg, med min høgdeskrekk, hadde eg nok med å sjå i bergveggen og rett ned på stien, det var sikkert 1000 meter ned (men Fuglesteg låg på 630meter) ja på meg virka det slik, eg har sett stien og utsikten frå hi sida av gjelet på veg til Furåsen.

Det er eit innponerande arbeid dei har gjort der oppe, frå det var berre var ruinar att etter brannen i 1985 og til i dag med innviging av fjøsen, der det var stor forsamlingsal med bordplass til 80 stk. i første etasje og soveplass til ein 10 til 12 stk oppe. stove huset har vore i drift i nokre år og har vore godt besøkt, og får mykje skryt


Ein fin vatnpost hadde dei og fått i stand, der me kunne pumpa oss opp vatn


Utsikten var det heller ikkje noko å sei på , fin grasmark var det og, så da var det berre til å ta fatt på vegen ned att.
Og snart var vi kommen ned verste berget, og "vetleaosen" kom tilsyne no er det veg å gå på i staden for sti.
Der måtte eg ta bilde av ein transformator som eg gjekk rett forbi utan å sjå når eg var i Furåsen for ein liten måned sia, han far lurte på det når eg kom ned att, men eg hadde nok sett på alt anna enn kraftlinjer og transformatorer , men den står der , her er beviset.

Tysdag den 8juli og vi var vel heime


Dagen starta med skip på fjorden,


Sidan det var tysdag var det turdag, denne dagen gjekk turen frå Marifjøra opp til Lad , det første me trefte var eit postkassestativ som var velta, og postkassane var kommen på taket.



Kaffipausen vart teken på haugen ved sia av Joranger kyrkje, som vanleg når me er på tur var været fint, nedover gjekk me gamle kyrkjevegen ned til hovedvegen over til Sviggaplassane videre gamle vegen forbi Grindhaug og Marheim ned att til Marifjøra

torsdag 3. juli 2008

Buekorps i Bergen


På vei heim stoppa vi i Bergen og såg på oppvisning av Fjellsiden buekorps og eg samba gruppe fra Danmark

onsdag 2. juli 2008

Plenklipp


Plenen var blitt lang i ferien

tirsdag 1. juli 2008

Utsikt mot havet


Fin spasertur på øya Ramsøy dette er utsikt mot havet og Lindesnes

På hytta 30 juni

Hytta på Ramsøy
Der me var så heldige å tilbringa nokre dagar i slutten av juni. sol og varme var det, litt vind den eine dagen så da satt me på plattningen framfor hytta å såg på båtane som glei forbi i sundet, ein spasertur på øya vart det og, me måtte sjå korleis det sto til ute i havet.


Men vinden stilna og då var det på på tide å dra ut for å fiska .