søndag 29. mars 2009

Søndag den 2 9 mars


Same tid og same sted:) det vart ein fin tur på Bø i dag og 'etter snø og ruske vær det meste av dagen klarnad det opp på ettermiddagen så då var det på med joggeskoa og her er eg:-)

lørdag 28. mars 2009

Lørdag den 28.mars

Sidan veret var bra i dag så måtte eg ut å gå, her er gamle gjelvegen inne ved Stølen, der har der rast ut ,der har vel vorte for mykje risting når dei skaut ut til den nye kraftstasjonen,
Det vert fint når det blir ferdig her, og me kan sjå rett inn i kraftstasjonen

Vidare gjekk eg opp gamle Bersvegen, oppe ved Bøskare låg det att litt snø i vegen

Så var eg ved målet, skreiv meg i boka og så bar det heim att

Den.28 mars


Her kjem siste bilde fra meg av kjøkken til Finn og Alice heretter må de sjå på www.finnskare.blogspot.no

torsdag 26. mars 2009

Torsdag den 26.mars 2009

Så var kjøkkenet til Finn og Alice komme, og Per Arve og Kjell troppa opp for å montera det
Veggene var blitt malt, og no kjem skapa på plass, eik er det .............. her ser me korleis det ser ut etter første dag.

tirsdag 17. mars 2009

Tysdag den 17.mars

I dag er det tur til Førde , og i Marheimsgjelet møtte snøen oss, sidan var det snø og slaps til me kom ut i Årøy, og i den vanlige svingen utafor Kvamshaugen var det ein trailer som hadde ein noko uvanlig parkering, eller det er no etter kvart mange som har parkert der, men ikkje alle har komme so godt av vegen,
Ja ja me helt oss på vegen , og snø var det rikelig av i Sogndalsdalen og heilt til Skei, men då lysna det opp og vart bare vegar, ei og anna snøbya var det no, som me ser er det ein vegg nede på Vassenden,

Men det lysna opp att , ja til og med sol var det i Førde, det er verd å foreviga, skjelden foreteelse når me er der.

Søndag den 15.mars


Søndag og gåtur høyrer saman
Sidan det ikkje skjer noko nytt nede hjå Finn og Alice får eg gå over til eit anna tema.
Dette er det nye Kvåle kraftverk som er i ferd med å bli ferdig inne ved Lerisbui. Det er no komme under tak , det skal vist vera glasvegg i heile fronten slik att ein kan sjå rett inn , det vert spennande å sjå,vasstunnellen frå Flikki og fram på Seielstad er ferdig sprengt.

Det vart den vanlege "vinterturen" inn på jabenken , me fekk følje av Svanhild og Knut på Stupelshaugen , som de ser var veret fint men det laga seg til med skyer utaføre så innan kvelden vart det regn.

fredag 13. mars 2009

Fredag den 13. mars


Så var snikkarane ferdige, og har rydda fint opp etter seg,og forlete åstedet,
so no er det berre resten att, rett fint ser det ut til å bli.

Pipa er det støypt inntil og ventilen er støtpt att. alt er berre velstand

torsdag 12. mars 2009


Slik ser det ut her i dag, me vakna til nysnø, heilt kvitt var det,
men utover dagen har no mykje smelta, men det ligg no litt att,

Melding frå Per Arve:
de treng ikkje vera vekke i 14 dagar, for i morgo er det klart til maling.
No står det berre att listing og attstøyping av ventilen i pipa så er det klart.

onsdag 11. mars 2009

Onsdag den 11.mars

No var døra frå gangen vekke, så då vert det å gå gjennom stova, på veggen mot stova var det støypt fast ei gipsplate der det var brannmur

Så er det hjørna mot stova på vindusveggen


I vindauga låg tegningane av kjøkken, so no er det ok. I taket var det mange "omvendte"plastboksar

Veggen mot gangen

Og øverste veggen

det var raport frå i dag.

tirsdag 10. mars 2009

Tysdag den 10.mars

Her skjer det saker og ting, eg troppa opp rett før dei var ferdige for dagen, og no var det kommen opp stendarar, og det var lagt plast og glava på nesten alle vegger, og i morgo kjem eletrikaren sa dei.
I kveldinga høyrde me att det vart lempa material, så då var nok Petter og Kolbjørn her og henta skrotet som låg ute , men det får me sjå i morgo, for det var mørkt og gatelysa virkar ikkje lenger.

Mandag den 9.mars

No er Alice og Finn Roald reist til sydens land, og kjøkkenet har havna på plenen, han Kjell beundrar verket

Per Arve ser noko betekt ut her, men eg trur han er ved godt mot, det er no ettermiddag og alt er reve og havna på plenen, berre murveggene står att