Det var reine folkevandring til Fuglesteg denne dagen ca. 450 mennesker var det vist , og etter ein hard tur opp gjennom galdane, der det var både bratt og heitt, var vi oppe og kunne slappa av. Vi var veldig stolte over å ha komme opp på vel to timar, noko som var vanleg gåtid i følge skiltet ved starten, på det brattaste vart det ikkje noko bilde, det var vist eit storslått utsyn, men det såg ikkje eg, med min høgdeskrekk, hadde eg nok med å sjå i bergveggen og rett ned på stien, det var sikkert 1000 meter ned (men Fuglesteg låg på 630meter) ja på meg virka det slik, eg har sett stien og utsikten frå hi sida av gjelet på veg til Furåsen.
Ein fin vatnpost hadde dei og fått i stand, der me kunne pumpa oss opp vatn
Utsikten var det heller ikkje noko å sei på , fin grasmark var det og, så da var det berre til å ta fatt på vegen ned att.
Og snart var vi kommen ned verste berget, og "vetleaosen" kom tilsyne no er det veg å gå på i staden for sti.
Der måtte eg ta bilde av ein transformator som eg gjekk rett forbi utan å sjå når eg var i Furåsen for ein liten måned sia, han far lurte på det når eg kom ned att, men eg hadde nok sett på alt anna enn kraftlinjer og transformatorer , men den står der , her er beviset.