Vi tok oss ein ekstra dag hjå Kari før me sette nasen heilt heim, Torunn og eg hadde ikkje ro i ræva, så vi måtte på vandring denne dagen og, så då var det Oslo som måtte besøkast, ikkje like imponerande som Roma, men kjekt å gå litt på byn her og.
Første stopp var Stortinget
Nasjonalteateret i all si prakt
Wenche Foss det er som å sjå ho levande
Flott fontene ved Nasjonal teateret





Vi måtte og beundra verandaen som stortingspresidenten står på kvar 17.mai
Det er ikkje kvar dag ein får oppleva politihestar på Karl Johan, men litt flaks må ein ha når ein først tek turen inn til byn, Gardemusikk på Karl Johan, oppvisning på slottsplassen og vaktskifte, då kan ein ikkje klaga
Stilige gutar og jenter, det er vorte likestilling i Garden og no
Det er flott å sjå dei fine politihestane og høre på Gardemusikken
I fin marsj mot slottet
Kongen skulle og på tur i dag
Så var slottsbesøket over og Astrid gjekk ned trappa der Eli Hagen ein gong kjørte med bil,( Godt gjort spør du meg)

Rådhuset i Oslo frå framsida som ligg vendt mot byen og ikkje ut mot rådhustorget og Aker brygge slik ein kansje skulle tru, men i dei dagar det vart bygd var det vel det som var det rette og ikkje utsikt til industri og havn slik det såg ut då,