lørdag 27. september 2008

Den 2sept. 2008

Dette innlegget skal egentlig vera etter neste innlegg, litt surr må tålast!!!!!!!!!!!!!
I følge Romersk mytologi var det her på Palatinerhøyden at Romulus og Remus blei funne av ulvemora som heldt dei i livet, i følge sagnet var det gjetaren Faustulus og kona Acca Laurenitia som fant dei og oppfostra dei.
Etter sigande var det guden Mars og Prestinna Rea Silvia som var foreldra deira.
Romulus drepte Remus i ein krangel om kor byen skulle liggja, og deretter grunnla han Roma som han kalla opp etter seg sjølv. Han vart og den første kongen av Roma.

Forum Romanum var sentrum for det politiske, juridiske og kommersielle livet i Roma.

Etter Forum Romanum var det Trevifontenen, der me kasta mynt over skuldra, det skal bety at ein skal komma attendet til Roma ein gong.



Spansketrappa måtte me og prøva, før turen gjekk til Pantheon .Pantheom (alle guders tempel) er ein av dei best bevart byggningane og mest betydningsfulle monument frå den Romerske keisartids arkitektur. Har ikkje so mange bilder her frå, både Torunn og eg gjekk tom for batteri på fotoapparatene våre. men for dei som er intresert er det mykje å lesa å sjå på internett. Wikipedia er eit godt reidskap tykkjer eg, men mange andre finst og.


Etter ein lang dag med mange inntrykk, var det middag og flott sang og musikk.