søndag 10. mai 2009

Søndag den 10.mai

No er våren her for alvor, og eg måtte berre legga ut nokre bilder, sjølv om det er nysnø i fjellet er fruktbløminga er i full gang, berre sjå på plommetrea våre, skal det bli frukt etter blomstringa vert det ein heil jobb å tynna ser det ut til,

Blomstrar gjer det over alt, ikkje mange dagane før den fine blå klematisen sprett ut, dette er den ynkelige buska som veks opp etter asken ved grillen, ikkje nett ynkelig lenger
Tullipanar og påskeliljer blomstrar enno

Litt nyttevekstar må ein no og ha, rabarbraen er stor vorten og det er på tide å hausta inn grasløk til å ha i frysen til neste vinter


Årets første prosjekt er ein ny jordbærhage,og berre sjå det er blomsterknopp her og