onsdag 25. juni 2008

Tysdag den 24.06.08 tur til stølen på Brekka



Denne tysdagen gjekk turen til stølen Brekka på indre Hafslo, me starta å gå frå Oppheim og gjekk på god grusveg heile vegen
12 damer var med denne gongen, for å ikkje snakka om alle sauene som ville vera med på tur


Som vanlig var været bra , og vi hadde ein fin tur, utsikten var det ingen ting å sei på






Avsluttning på Trimmen den 18.06.08
























Så var det siste dagen med trim med Monika, ein trist dag på ein måte, Monika skal slutte og flytte til Stryn................i 3 år har ho trimma oss , det finst berre ei Monika...alltid blid og får oss i godt humør .....
me kjem til å savna ho veldig
Avsluttning måtte me ha ...........38 stk ville vera med på gave til Monika, Berit malte eit maleri med utsikt mot Hest frå treningsenteret , blomsterurne med ei raud rose, lavendel og lobelia vart kjøpt .
Kake og kaffi måtte til og sjølvsagt måtte Monika begynne på kaka




lørdag 14. juni 2008

Revmatikertur den 12.06.08

Torsdag var me på dagstur med Revmatikerforeningen, og hadde ein rett fin dag som eg må skryta litt av her.....første stopp var Sogn Fjordmuseum på Kaupanger der me gjekk rundt og såg på alle dei gamle båtane,og såg kva dei hadde vore brukt til














Litt av kvart hadde dei å selja og,så det måtte no beundrast...........Deretter spaserte me opp til Kaupanger stavkyrkje der me fekk omvisning av ein flink ungdom.


















Så gjekk turen vidare til Sogn Folkemuseum, der me fekk omvidning rundt om i husa me starta i det elste huset





















Etter me hadde fått historien der gjekk me vidare til neste hus som var Haugastova frå Krundalen





Der me vart fortalde historien til huset og korleis levevilkåra var på den tida......etter det gjekk me forbi ei diger grisepurke




































Så var det Kvitevollhuset, med all sin prakt, middag på museumet og så drog me vidare til Fimreite der me fekk vera inne i skulestova der me kokte kaffi på kjel og Annemor steikte hellekaker på medbrakt steikeplate...........Else Fimreite fortalde oss om Fimreite ..... og det såg ut til att alle koste seg













Dagen vart avslutta med spasertur .........

mandag 9. juni 2008

Så var det planta.....
























Slik vart det sjåandes ut når jorda var kommen på plass , og planter som har stått og venta i drivhuset endelig er kommen under open himmel..........og ikkje før var vi ferdig så kom regnet...men det trengs berre det stoppar att ......

fredag 6. juni 2008

Fredag og ferdig mur


Så var fredagen kommen og muren begynner å ta form, det første bilde er frå kl 8.20 om morgonen og den spede start på muringa
















og 12 timar seinare var muren kommen opp........det ligg nok att mange liter med svette, for gradestokken har vore opp mot 30 grader i skyggen........















Eit par bilder av Hurdalsrosa og Prestekrageenga må eg og ha med....den blomstrar som bare det ja den gamle rosa frå Skare og, og den har no ein aldeles nydelig lukt......det er parfyme det..

torsdag 5. juni 2008


Arbeidet med muren går framover og no er støypinga ferdig, det kjem meir etter kvart som arbeidet skrider fram.................
Så var me kommen midt i denne veka og, det fine været held seg og bakkane vert meir og meir brune i staden for grøne.
Tysdag den 3.juni kom sommarens første og største cruiseskip Artemis eit flott syn,og på Skjolden var det fult liv med lokale spelemenn og mykje folk.













Og i kveldinga var det eit flott syn når det seig sakte ut fjorden

søndag 1. juni 2008

Så var denne veka til endes, og det er helg.........
I dag har me vore på Skjolden på Kulturdagane, det er 20 året det vert arrangert,
mykje folk og mykje å sjå på, underholdning av ymse slag......
frå Frelserarmeen til Linedans og folkedans............sang osv.............
mange salgsboder frå Latvia....utrolig kor billig dei kan selja håndarbeid....
mykje flott i strikking, veving og smykker av ymse slag.
Og så var det no den store veteranbil paraden over 30 biler var med i år.......
Frå dei heilt gamle til noko nyare "tøffe" bilar