mandag 29. september 2008

Den 1 sept. 2008

Dette er siste dag før vi er framme i Roma, og Anna tek inn betaling for utfluktene vi har meldt oss på i Roma, me tykte alt såg like spennande ut ,så me melde oss på alt.
Her passerar me Po og landet er vorte flatt.
Kaffirast ved Bolonga og Torunn har kjøpt seg kart.

Lunsj vart innteken på ein Autogrill, der me kjøpte det vi hadde lyst på.
No er me i Tocana og landskapet og byggestilen har forandra seg, det er vorte meir kupert.

Så er vi ved målet Hotel Ergife Palass i Roma her skal vi vera fram til fredag
Palmesus og varmt !

Etter å ha fått tildelt rom , teke eit bad i det flotte badebasenget var det på tide å samlast og ut på byn for å sjå oss rundt og eta ein god middag
Trafikken i Roma må opplevast, den kan ikkje beskrivast, men vår Italienske sjåfør Angelo klarte det fint, Tommi måtte få litt fri etter å ha kjørt heile dagen.
Her kjem eit lite utvalg av det me fekk sjå på veg til middag.







Så var det middag i det fri, med levande musikk og underholdning

lørdag 27. september 2008

Den 2sept. 2008

Dette innlegget skal egentlig vera etter neste innlegg, litt surr må tålast!!!!!!!!!!!!!
I følge Romersk mytologi var det her på Palatinerhøyden at Romulus og Remus blei funne av ulvemora som heldt dei i livet, i følge sagnet var det gjetaren Faustulus og kona Acca Laurenitia som fant dei og oppfostra dei.
Etter sigande var det guden Mars og Prestinna Rea Silvia som var foreldra deira.
Romulus drepte Remus i ein krangel om kor byen skulle liggja, og deretter grunnla han Roma som han kalla opp etter seg sjølv. Han vart og den første kongen av Roma.

Forum Romanum var sentrum for det politiske, juridiske og kommersielle livet i Roma.

Etter Forum Romanum var det Trevifontenen, der me kasta mynt over skuldra, det skal bety at ein skal komma attendet til Roma ein gong.



Spansketrappa måtte me og prøva, før turen gjekk til Pantheon .Pantheom (alle guders tempel) er ein av dei best bevart byggningane og mest betydningsfulle monument frå den Romerske keisartids arkitektur. Har ikkje so mange bilder her frå, både Torunn og eg gjekk tom for batteri på fotoapparatene våre. men for dei som er intresert er det mykje å lesa å sjå på internett. Wikipedia er eit godt reidskap tykkjer eg, men mange andre finst og.


Etter ein lang dag med mange inntrykk, var det middag og flott sang og musikk.

torsdag 25. september 2008

Den 2sept. 2008

Ny dag og eit hardt program, vi klarte ikkje velja vekk nokon av utfluktene og får eit hardt program desse dagane her i Roma. Første stopp i dag er Colosseum

Første stopp er Colosseum der gladiatorane tek i mot oss,
Colosseum er vel eit av dei mest kjende og imponerande byggverk i verden, den blei påbegynt av keisar Vespasian i år 72 e.kr. dei øverste fire etg. var bygd av Titus og amfiteateret vart innviga i år 80 e.kr. byggningen er 188 m lang 155 m brei og 48 m høg, arkitekten av Colosseum er ikkje kjend.
Byggningen har forfalle i kristen tid, delar av byggningen vart ødelagt av eit jordskjelv i 1348. stein frå Colosseum vart nytta til bygging av Peterskyrkja og mange andre byggningar.
Annlegget kunne romma 50 000 tilskuara og alle plassar var nummererte.

Her kjem eit utval bilder frå Colosseum








Utsikten er det ikkje noko å seia på


Triumfbuen med Palatinerhøyden i bakgrunn.



palainerhøyden der vi vandra på veg til Forum Romanum
Palartinerhøyden er den sentrale av Romas 7 høgder den er 40 m høg og grensar til Colosseum , Forum Romanum og Circus Maximus.
Roma har sitt opphav her på Palatinerhøyden og utgravingar har vist att det har budd folk her frå år. 1000 f.kf.






fredag 19. september 2008

3. Sept. 2008


Cactel Sant`Angelo eller Engleborgen den ligg ved Tiberen nær Vatikanet . Borgen blei bygd i 136-139 e.k. som eit mausoleum for keisar Hadrianog hans etterkommarar, men har i ettertid vore ein viktig festning.

I år 590 var Roma ramma av ein pestepedemi. pave Gregor den store ba då om att pesten måtte gi seg og i det same viste erkeengelen Michael seg over borgen og stakk sverdet sitt i slira som vart tolka som eit tegn på att pesten skulle gi seg, og slik fekk borga navnet


Utsikt til Peterskyrkja

Frå taket kunne me sjå heile Roma






Når me kom ut att var det komme salgsboder der ein kunne kjøpa mykje

No var det fri for å handla eller gå på eigen hånd, vi valgte å spasera og tok oss ein tur over Ponte Margherita og havna på Piazza del Popolo
Den nye og gamle tid
Her skulle me hatt takleilighet

Roma har og sin pyramide, Pyramide av Cestius.
Den blei bygd omlag 18-12 f.kr. og blei bygd som eit gravkammer for Caius Cestius Epulo
Den klarte seg i jordsjelvet i 1349 og er derfor ein av dei best bevarte byggningane i Roma
På ettermiddag var det Katakombene http://no.wikipedia.org/wiki/Katakombe som sto for tur.
Kor langt under jorda vi var er eg ikkje sikker på, men me gjekk 1km .
Her grov kvar familie sine gravhyller i den lause tuffsteinen ,som vist nok var lavaaske, massen dei grov ut heiste dei opp gjennom lysopningen,
Her kunne ein tydelig sjå kor stor dødligheit det var blant barn, det var mange barnehyller