torsdag 25. september 2008

Den 2sept. 2008

Ny dag og eit hardt program, vi klarte ikkje velja vekk nokon av utfluktene og får eit hardt program desse dagane her i Roma. Første stopp i dag er Colosseum

Første stopp er Colosseum der gladiatorane tek i mot oss,
Colosseum er vel eit av dei mest kjende og imponerande byggverk i verden, den blei påbegynt av keisar Vespasian i år 72 e.kr. dei øverste fire etg. var bygd av Titus og amfiteateret vart innviga i år 80 e.kr. byggningen er 188 m lang 155 m brei og 48 m høg, arkitekten av Colosseum er ikkje kjend.
Byggningen har forfalle i kristen tid, delar av byggningen vart ødelagt av eit jordskjelv i 1348. stein frå Colosseum vart nytta til bygging av Peterskyrkja og mange andre byggningar.
Annlegget kunne romma 50 000 tilskuara og alle plassar var nummererte.

Her kjem eit utval bilder frå Colosseum








Utsikten er det ikkje noko å seia på


Triumfbuen med Palatinerhøyden i bakgrunn.



palainerhøyden der vi vandra på veg til Forum Romanum
Palartinerhøyden er den sentrale av Romas 7 høgder den er 40 m høg og grensar til Colosseum , Forum Romanum og Circus Maximus.
Roma har sitt opphav her på Palatinerhøyden og utgravingar har vist att det har budd folk her frå år. 1000 f.kf.






Ingen kommentarer: