onsdag 1. oktober 2008

Den 30.aug.2008

Kl 07.00 var vi klar for vidare ferd, mykje folk var samla for å reisa vidare til dei forskjellige plassar rundt om i Auropa.
Vi venta og venta, kvar vert det av bussen, det hadde vist skjedd ein missforståelse ein eller annan plass for det tok nærare timen før det endelig kom ein buss og henta oss.

Klokka er vorten 09.30 og vi er kommen på rette bussen på Ørebroterminalen

Og vi har fått vår sjåfør på turen på plass bak rattet, Tommi heiter han og kjørte oss trygt og godt gjennom mange land.


Så er me i gang for alvor, me forlet Sverge og kjører over Øresundbrua til Danmark.

Vindmøllene står på rekke og rad, og vi har København i sikte


Anna i full fart for å kjøpa billettar til ferja
Så var vi i Tyskland , landskapet her er like flatt som i Danmark.
Lunsj vart det på Hotel Restaurant Wennhoff i Scharbeatz, No har alle lyst på met ,og me får servert maten vi bestilte på bussen.

Her har dei virkelig gjort seg føre med maling på garasje dørene

Neste stopp var i 14.00 tida der vi lasta opp med drikkevarer og ymse andre godsaker.


Anna og Tommi vårt vertskap på turen,

Vi nermar oss Kassel og det er tid for ein kaffi rast, her var det trange tider for "kafeen"vår


Det var ikkje alle som tok buss, nokon hadde teke seg ein tur i ballong.

No byrjar det og bli litt meir variert tereng

Klokka nermar seg no 21.00 og vi nærmar oss målet for kvelden

Anna sørger for att vi får rom, og i natt skulle vi få sova i himmelseng, som attpå alt viste seg å vera vannseng.

Mæltida vart inntekne i den koselige spisesalen

Ingen kommentarer: