tirsdag 14. oktober 2008

Tur til Brennesteinane den 16.09.08

Turen i dag starta på Harastølen, det er ille å sjå kor forfalle det er vorte der oppe...........snart er det vel harastøl som sagnet seier.

Men me tenkt oss på Brennesteinane, og stien innover er fin å gå på,
Utsikten både utover og innover fjorden er det ikkje noko å seia på.


Så var vi oppe ved hyttene på Brennesteinane

Men me gjekk vidare opp der den gamle stølen brennesteinane låg til på 1920 talet ein gong, då vart sela flytta lenger ned, grunnen har eg ikkje funne enno ............her oppe var det utsikt heilt fram til Lø og Hornane bilde vert so lite her att det er vanskelig å sjå om ein ikkje veit akkurat kor det ligg, men ned i Dalen ser me fint i mellom ledningane til høgspenten ...
På veg ned att gjekk me bort og såg på selet som tilhører Langeteigen og som Devold driv ogg pussar opp.
Så var det same vegen heim

1 kommentar:

Skarvagutane sa...

Det er ikkje so godt å forestille seg det i dag. Men stølane blei flytta ned dit dei ligg i dag enklare å nyttegjere seg møki som beista la igjen i fjøsen og rundt stølen. Enga der stølshusa ligg i dag er har nok betre nytte av gjødsel enn lyngrabbane og myrane på gamle stølen. Men tungt å bære den ned frå gamlestølen!