søndag 3. august 2008

Besøk frå Skedsmo




Fredag tok me turen til Flåm, veret var varmt og godt , kaffi på jernbanerestaurangen før me tok toget til Myrdal og retur.




Her er vi på toget,ein fin tur veldig utsikt , vi sat på "innsia" men vi såg kor vilt det var likevel. vendetunnelen som går i sløyfer ut og inn av fjellet er eit mesterverk, serlig når ein tenker på att den var bygd frå 1923 og vart teken i bruk i 1 aug 1940 for dampdrift og i 1944 med eletriske vogner.


Huldra dansa for oss i fossen , ho kan sjåast som ein liten prikk i bilde midt mot fossen, bilde er tatt gjennom vinduet så det er både refleks og vassrøyk på det.



Badeplassen har vore flittig besøkt.
Det må ein dukkert til når gradestokken nermar seg 30 grader.




Ingen kommentarer: