Etter ein spennande kjøretur opp til Ilage var 16 stk klar for tur til Kringla, veret var strålande, kansje ein tanke i heitaste laget, men det hinra oss ikkje
På Lø var første stopp,ein liten pust i bakken før me starta på Løholene som er både bratte og varme
Så var vi kommen på Syndi og kunne sjå fram til Kringla og Smørvi som var målet for denne turen, der vart det kaffipause og ein rast , med litt vassing i vannkanten

På Kringla vart det tomatsuppe med makaroni og pølsebitar og nydelige heimebakte rundstykker som Svahild diska opp med i hytta deira, dessverre hadde eg ikkje teke bilde der.
Besøk frå Skedsmo hadde me og denne tysdagen, ein opplevelse utan om det vanlige å vera med oss på fjelltur, ulla vil komme att neste år og seier ho
Når vi kom opp på Smørvivatnet var alle varme og når den einaste mannen som var med på turen hivde seg på vatnet kunne me no ikkje vera verre vi damene heller så det vart bading i det vi gikk i , men godt var det sjølv om det var kaldt.
Etter ein fin dag var det på tide på ta fatt på heimturen
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar