tirsdag 17. mars 2009

Tysdag den 17.mars

I dag er det tur til Førde , og i Marheimsgjelet møtte snøen oss, sidan var det snø og slaps til me kom ut i Årøy, og i den vanlige svingen utafor Kvamshaugen var det ein trailer som hadde ein noko uvanlig parkering, eller det er no etter kvart mange som har parkert der, men ikkje alle har komme so godt av vegen,
Ja ja me helt oss på vegen , og snø var det rikelig av i Sogndalsdalen og heilt til Skei, men då lysna det opp og vart bare vegar, ei og anna snøbya var det no, som me ser er det ein vegg nede på Vassenden,

Men det lysna opp att , ja til og med sol var det i Førde, det er verd å foreviga, skjelden foreteelse når me er der.

Ingen kommentarer: